Buldring i Nordfjord • For alle nivå

Buldring på Hamna

På Hamna finn du det største buldrerommet i Nordfjord. Her møter du moderne klatretak og varierte veggvinklar – med utfordringar som passar både nybyrjarar og erfarne klatrarar.

Kort fortalt
  • Nye buldre kvar veke
  • Passar for alle nivå
  • Oversikt i Griptonite (valfritt)
  • Eige område for klatretrening (Kilterboard/campus)
  • Eige barneområde: Vikingkrigar

Tilgang og prisar

Medlemskap
Som medlem har du tilgang til heile senteret, og kan buldre så mykje og ofte du vil.
Drop-in (13+)
175 kr
Tilgang til buldring, trening og gruppetimar
Drop-in barn (under 12 år)
140 kr
Tilgang til Vikingkrigar og buldrehall
Leige av klatresko
50 kr
Gratis for ungdomsskule- og VGS-elevar som er medlem på Hamna.

Nye buldre kvar veke

Hos oss får du nye buldre kvar veke. Buldrene blir skrudd av rutesettarar med lang erfaring, og er laga for at du skal lære teknikk, trene styrke og oppleve meistring – alt på ein gong.

Griptonite – oversikt og progresjon

Vi brukar Griptonite for å halde oversikt over buldrene. I appen finn du mellom anna plassering, grad og info om rutene.

Du kan sjølvsagt buldre utan app. Vanskelighetsgrad er også markert på veggen med fargekoda “taggar”. Sjå gradveiledar i buldrerommet.

Klatretrening

Vi har eit eige treningsområde tilrettelagt for klatretrening med Kilterboard (40°), campus og fleire treningsbjelker.

Les meir om klatretrening

Vikingkrigar – buldring for barn

Vikingkrigar er eit barneområde med vikingtema der barn kan utfordre seg i høgda med buldre tilpassa barn. Her står leik, tryggleik og meistring i fokus.

Les meir om Vikingkrigar
Klar for å prøve?
Kom innom for drop-in, eller bli medlem og få tilgang til heile senteret. Vi hjelper deg gjerne i resepsjonen.

Sjå biletegalleriet under for glimt frå buldrerommet, Vikingkrigar og klatretrening.