Veiledning • Oppstart • Trygg trening

Veiledning og oppstart på Hamna

Ein trygg start – tilpassa deg og kvardagen din. Å starte med trening kan vere enkelt. På Hamna ønskjer vi at nye medlemmar skal kjenne seg trygge, ivaretatt og motiverte – heilt frå første dag.

Gratis PT-time for nye medlemmar

Difor får alle nye medlemmar ein gratis time med personlig trener (PT). Dette er ikkje ei “standardpakke”, men ei personleg oppstartstime der innhaldet blir tilpassa deg, måla dine og livssituasjonen din.

Viktig: Dette er ikkje ei testtime for vidare sal – men ei hjelp til å kome godt i gang.

Kva kan du bruke timen til?

  • Kroppsanalyse og gjennomgang av resultat
  • Treningsveiledning i apparat og frivekter
  • Eit enkelt og realistisk treningsprogram
  • Samtale om kva som er realistisk å få til i kvardagen
  • Råd om skadeførebyggande trening
  • Hjelp til å finne rette gruppetimar for deg
  • Teknikkhjelp i øvingar du er usikker på

For kven passar dette?

Ny med trening
For deg som er heilt ny og vil kome i gang på ein trygg måte.
Tilbake etter pause
For deg som vil finne flyten igjen utan å starte for hardt.
Usikker på korleis
For deg som vil trene, men ikkje heilt veit kvar du skal starte.
Smartare og tryggare
For deg som vil ha ein plan som faktisk passar livet ditt.

Mange opplever at denne timen åleine er nok til å kome godt i gang.

Trening som passar livet – ikkje omvendt

Vi trur ikkje på “alt eller ingenting”. Oppstart handlar om å finne ei løysing som:

  • er gjennomførbar
  • gir meistring
  • kan vare over tid

Difor tek vi alltid utgangspunkt i din kvardag – ikkje i ein perfekt treningsplan.

Vidare oppfølging – heilt valfritt

For nokon er éi time nok. Andre ønskjer tettare oppfølging over tid. Etter oppstartstimen kan du, om du vil:

  • halde fram på eiga hand
  • bruke gruppetrening
  • vurdere vidare oppfølging med personlig trener

Valet er ditt – heilt utan forplikting.

Slik kjem du i gang

Gratis PT-time blir avtalt etter innmelding. Ta kontakt med resepsjonen, så finn vi ei tid som passar. Velkomen til ein trygg og god start på Hamna.