Hamna Aktivitet og Helse er eit moderne treningssenter på Eid i Nordfjord, tilrettelagt for barn, ungdom, vaksne og senior. Hos oss finn du over 2500 kvm med treningsareal, gruppetrening, Hamna-Boxen og klatring/buldring – samla under eitt tak.
Hamna er bygd for breidde. Vi har styrke- og kondisjonsområde, apparat og frivekter, gruppetimar og tilrettelagde tilbod. Enten du er ny, trenar jamleg eller ønskjer ei trygg oppstart, finn du noko som passar.
Vi har bemanna resepsjon store delar av dagen. Det gir tryggleik, god oppfølging og moglegheit for hjelp når du treng det.
Hamna er også eit klatre- og buldresenter med stor buldreavdeling, barnebuldre, klatretreningsområde og organiserte grupper. Vi har klatreleik for barn og faste treningsgrupper for fleire nivå.
I Hamna-Boxen tilbyr vi funksjonell fitness i trygge rammer, med HYRX- og WOD-timar for barn, ungdom, vaksne og senior. Her kan du trene frå nybyrjar til konkurransenivå (NOF3-ligaen).
Hamna skal vere ein stad der folk trivst. Vi har lavterskel og sosiale tilbod – som Trening med Sanitetskvinnene kvar tysdag – og eit miljø der alle føler seg velkomne.